CATERING & KANTINE

Me lagar og bringer maten: Der du ynskjer

ME LEVERER

MAT PÅ ALLE FAT

Middagsknotten er eit aksjeselskap som baserer seg på catering og selskapsmat levert på staden eller henta hjå oss.  Saman med oss kan du planlegge festmåltidet, vips så kjem maten varm og ferdig tilberedt på døra eller til selskapet. Me leverer til alle slags selskap, bryllup, barnedåp, konfirmasjon, jubileum og julebord. Me kan i tillegg levere lunsj og middag til næringsliv / anlegg / brakkeriggar. 

Me kan og leige ut kokk, me handlar råvarer og lagar maten på ditt kjøken eller selskapslokale.

I tillegg driv Middagsknotten AS kantine i Fonnafjord næringspark på Seimsfoss i Kvinnherad.

DU RINGJER ME BRINGER

DU VELGJER PRODUKTET

Me leverer både trerettars, supper, smørbrød, vegetarmat og koldtbord. Ta kontakt så kan me i felleskap setja i saman den menyen og den retten du måtte ynskja. Me tilberedar og mat for dei med matallergiar, gje oss eit vink om dette når du bestiller.

KOKK PÅ DITT KJØKEN

Ynskjer du å leige kokk på ditt eige kjøken, eller eventuelt der selskapet skal vere? du velgjer kva du vil ha på menyen, kokken handlar råvarer og kjem rett heim til deg å kokkelerer.   

100%  RÅVARER