KVEN ER KOKKEN?
Les om ho ved grytene
MØT KOKKEN
Hanne Bakke Berntsen

Hanne er ein allsidig kokk og utdanna innan tradisjonsmat, likevel går ho ikkje av vegen for å prøve nye rettar og eksperimentere på kjøkenet. Ho er kjent for å ha gode smakar på maten. Brune sausar er ein av hennar absolutte spesialitetar, ei svinesteik er ein innertiar med Hanne sin brune saus. Hanne har og med seg gode medhjelparar på laget, mat til mange treng fleire hender som bidreg på kjøkenet.
CV HANNE
EIN KOKK ER FØDT i 1989
Ho tråkka sine barneføtter og vaks opp i Uskedalen, no bur Hanne i Mauranger der ho og har slektsrøter og har funne kjærleiken.
Hanne har to born og bur saman med Anders Godtskalk i Austrepollen.
UTDANNING
Studie innan tradisjonsmat ved Raulandsakademiet
Studie innan grunnleggjande økonomi og bedriftsøkonomi ved høgskolen Innlandet
ERFARING
Kokk i gardsrestaurant Olaløo
Kokk Baroniet Rosendal
Kokkelærling Rosendal fjordhotell
Kantineansvarleg rådhuset, Kvinnherad kommune
Institusjonskokk Helse Fonna
KOKKE HANNE BLOGG

KOMLETORSDAG: Frå 24 mai 2023 tek me ein pause frå komlene og det blir ikkje på komletorsdagar før til hausten igjen.
Mykje omtale i lokalavisene har me fått: Her frå GRENDA, me har og fått omtale og reportasje på USKEDALEN.NO
FACEBOOK: me er på fjesbokjo,.....lik oss gjerne der
KANTINA på Seimsfoss opna i august 2020, veldig kjekt og travelt.