
SELSKAPSMAT
Skal du ha fest eller jubileum?
VÅRT SMAKFULLE UTVAL
Dersom du ynskjer å bestille trerettars til festmåltid, ta kontakt så set me saman den menyen du ynskjer. Nedanfor finn du forslag til forrett, hovudrett og dessert, har de andre ynskjer så er me absolutt open for det. Husk å meld frå om matallergiar. Prisar etter avtale alt etter råvarer og samansetning.
Her er det berre å velgje og vrake. Vel bekomne!

EIN GOD START PÅ MÅLTIDET
FORRETT
For nokon er forett eit absolutt must. Den får igang apetitten og gjev måltidet ein roleg og smakfull start. Den smeltar liksom på tunga, og kan hende så blir du meir svolten. Du kan velgja i både kaldmat og suppe og ynskjer du noko anna enn det som står her, så fiksar me.
SJÅ MENY UNDER

MENY
Fiskesuppe
med brød
Blomkålsuppe
med spøsteikt spekeskinke
Skogsoppsuppe
med brød
Jordskokksuppe
med brød
Lokal spekemat
med tilbehør
Bruchetta
med tomat og mozarella
Røykt andebryst
med persillerotkrem
Gravlaks
med sennepsaus
Røykelaks
med peparrotkrem
Sesammarinert salmalaks
med dressing
Skaldyrsalat
du vel innhald
Kamskjel
med pastinakkpurre
Chillimarinert scampi
med risotto
UTAN MAT OG DRIKKE DUGER HELTANE IKKJE
HOVUDRETT
Maten er halve festen og skal vere eit av selskapets absolutte høgdepunkt. Vi gjer vårt beste og strekkjer oss langt for at dette skjer i akkurat ditt selskap. Mesteparten av menyen er tradisjonelle norske rettar men me tek utfordringa om du ynskjer noko anna. Me miksar og endrar gjerne tilbehøret etter din smak.
SJÅ MENY UNDER

MENY
KJØT
Lammecarre
med fløytegratinerte poteter
Heilsteikt ytrefilet av okse
med steikte poteter
Lammesteik
med fløytestua poteter og raudvinsky
Hjortesteik
med saltbakte poteter og soppsaus
Trad. Svinesteik
med kokte poteter og brun saus
Røykt svinekam
med kokte poteter og fløytesaus
Baconsurra kyllingbryst
med paprikasaus
Kalkunbryst
med soppsaus og potetpurre
FISK
Peparsteikt steinbit
med hasselbackpoteter og beurre blanc
Urtesteikt breiflabb
med kokte poteter og raudvinsky
Ovnsbakt laks
med kokte poteter og rømmesaus
LA DOLCHE VITA = LIVETS DESSERT
DESSERT
Den søte avslutninga, snopet og punktum for eit herremåltid. Bær, frukt, sjokolade, krem, is, kake og himmelsk lapskaus, ja! ....med litt kaffi til. Valet er ditt og det er opp til deg korleis du vil ha avslutninga. Om noko manglar og favoritten din ikkje er på menylista så spør oss om me kan fiksa det ;-)
SJÅ MENY UNDER

MENY
Vanilje panna cotta
med rørte bringebær
Sjokolade panna cotta
med skogsbær
Karamellpudding
med krem og crunchy mandlar
Creme brulee
Tilslørte bondepiker
ala Middagsknotten